TRONDHEIM SPORTSFISKERE

En hjemmeside for foreningen TRONDHEIM SPORTSFISKERE.


E-post utsendt 6. oktober 2008:

Hei alle saman!

Her følgjer litt informasjon om aktivitetane til høsten.

Medlemsmøte med Rune Kabbe

Torsdag 23 oktober kjem Rune Kabbe for å halde foredrag og binde fluger. Temaet er "fluefiske etter havabbor". Sjølv om fokus er på havabboren så kan teknikkane og brukast for andre fiskeslag i sjøen. Rune Kabbe er ein av pionerane innan havabborfisket og ein flink og oppfinnsom flugebindar. For nokon er han vel og kjend frå filmen om havabborfiske som kom for ei stund tilbake. Vi her i Trøndelag kan møte opp for å gjere oss klar til at varmare klima bringar fleire havabborar til våre strok og.

Dette møtet vert arrangert ved Instiutt for vann- og miljøteknikk ved NTNU, i S.P. Andersensvei 5 på Valgrinda. S.P.Andersensvei går mellom Strindveien og Klæbuveien. Kjem de frå Klæbuveien er det andre avkøyring til høgre, kjem de frå Strindvegen er det tredje avkøyring til venstre. Fri parkering i området. Vi slepp inn folk mellom 1745 og 1800, etter det må de ringe underteikna. Tidspunktet er torsdag 23/10 kl 1800. Merk dykk tidspunktet som er tidlegare enn det som er vanleg for desse møta.

Medlemsmøte med Bjørnar Skjevdal i stedet for planlagte Jan Erik Granbo

Fiskesesongen 2008
Et foredrag ved Bjørnar Skjevdal

Bli med på et utvalg fra fiskesesongen 2008. Her får du oppleve noe av vårfisket etter mygg, samt junifisket med døgnflueimitasjoner og landinsekter. I tillegg vil du få være med på en fantastisk tur på tvers av hele Finnmarksvidda. Her vil det bli mulighet for å drømme seg bort litt samt få inspirasjon til sommeren. Foredraget vil i tillegg til opplevelsesbiten også inneholde fisketips, innsekttips, fluetips og turtips du garantert vil dra nytte av under ditt eget fiske.

Møtet blir som planlagt torsdag 27 november i Lysbuen kantine på Gløshaugen. Adressa er: SINTEF Energiforskning, Sem Sælandsvei 11. Vi sjekkar døra mellom 1845 og 1900, etter det må de ringe underteikna på 93205501 for å sleppe inn.


Kasting

Sidan vi ikkje driv med handball vert det vanskelegare og vanskelegare å kome til i Nidarøhallen, men etter eit omfattande kontaktverksemd mot idrettskrinsen har vi fått nokre tidspunkt der vi kan disponere hallen. Merk at dersom det vert arrangert handballkampar desse dagane så misser vi tida vår. Følg med på websida for å finne ut om tidene vert forandra.

12.10.2008 1800 2200 Nidarøhallen A
19.10.2008 2000 2200 Nidarøhallen A
30.11.2008 2000 2200 Nidarøhallen A
21.12.2008 2000 2200 Nidarøhallen A
25.01.2009 2000 2200 Nidarøhallen A
01.02.2009 2000 2200 Nidarøhallen A
22.02.2009 2000 2200 Nidarøhallen A
01.03.2009 2000 2200 Nidarøhallen A
08.03.2009 2000 2200 Nidarøhallen A
19.04.2009 2000 2200 Nidarøhallen A
26.04.2009 2000 2200 Nidarøhallen A

No vart vel Byåsen slått ut av mesterligaen (kvalifiseringa tok kastinga vi hadde fått tildelt 5/10), så det reduserer vel sjansen til at vi misser desse tidene. Den eines død den andres brød…

I løpet av vinteren vil vi prøve å få til nybyrjarkurs i flugekasting i løpet av nokre kveldar.

Flugebinding

Vi startar opp igjen flugebindinga måndag 13/10 kl 2000 i møterom 2 ved SINTEF Energiforskning. Dette er same bygninga som medlemsmøta og vi håper mange finn tid til å kome innom for litt flugebinding. Vi har planar om å få til nokre temakveldar utover vinteren der vi får flinke flugebindarar til å kome innom for å demonstrere spesielle teknikkar eller å lage spesielle mønster.

Om noko er interessert i nybyrjarkurs i flugebinding kan de ta kontakt med underteikna. Om vi får med ei 4-5 personar vil vi prøve å få til eit slikt kurs.



For styret
Knut Alfredsen
Mob-tlf. : 93205501
E-post. : knut.alfredsen@ntnu.no





Tidligere utgitte medlemsbrev:


Medlemsbrev Oktober 2008
Medlemsbrev Januar 2008
Medlemsbrev Oktober 2007
Medlemsbrev Mai 2007
Medlemsbrev Mars 2007
Medlemsbrev Oktober 2005
Medlemsbrev Mai 2005
Medlemsbrev Mars 2005
Medlemsbrev Januar 2005
Medlemsbrev Oktober 2004
Medlemsbrev september 2004
Medlemsbrev april 2004
Medlemsbrev mars 2004
Medlemsbrev februar 2004

Klikk her for å installere Acrobat Reader.